Ei bok proppfull av kjærleik til plantene og rein hagegalskap.
Gir tips, råd og nyttig kunnskap som vil hjelpa deg med å koma i gang med ein flott staudehage eller løfta hagen til nye høgder.
– Staudar berre gir og gir – år ut og år inn. Dei er standhaftige, trufaste og sluttar aldri å gle. Ønsket mitt er at fleire skal få auga opp for dei fantastiske eigenskapane til staudane, seier Solveig Nessa. - Eg vil at fleire skal få auga opp for kor godt det er for både kropp og sjel å dyrka plantar. Det aukar livskvaliteten, helsa blir betre og me vernar om det evige krinsløpet, seier ho.
Solveig Nessa er kunstnar og forfattar, fødd 1950 i Fister i Ryfylke. Busett i Stavanger. Mor til kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun. Ho har også gitt ut den no utselde "Solveigs rosebok".
Forfatter | Solveig Nessa |
Innbundet | 289 sider |
ISBN | 9788230348499 |